Siste dokument

16.03.2022
Aktiviteter i NL 2022

Her er oppført dei viktigaste akt...

Last ned document

16.03.2022
Styre og nemder i NL for 2022

Her er styret og nemder for dette å...

Last ned document

Den årvisse basaren i Nordfjordlaget, endring av tidspunkt
Publisert av: B.Aa.Eide - 19. okt 2016

.

Då er det snart klart for den årvisse basaren i Nordfjordlaget. Den vert i år den 20. november kl 17 i Gimle. Vi har tinga storsalen for å få plass til alle.

Ein god gammaldags basar med åresalg er kjekt for både store og små. Det kostar å drive eit lag med eige hus, naust og båtar. Både eigendomsskatt, forsikring, straum og vasskostnader er utgifter som vi må finne dekning for. Basaren har dei siste åra gjeve eit kjærkoment bidrag og har ikkje minst vore ei kjekk samlingsstund for både store og små.

For å få til ein basar så treng ein gevinstar, vi oppfordrar derfor så mange som mogeleg til å bidra med små og kanskje større gevinstar. Har nokon anledning til å ta med seg noko å bite i så hadde det også vore kjekt. Det vert servert saft, kaffi og som nemnt, kaker mm.. 

Vi tek gerne imot eit hint i forkant om nokon har anledning om å bidra med gevinstar og/eller noko å bite i.

Vel møtt på søndag den 20. november kl 17:00 ( endra frå kl 16)