Siste dokument

03.05.2020
Aktiviteter for 2020

Sjå vedlagt fil for informasjon...

Last ned document

11.03.2019
Aktivitetar 2019

Her finn du planlagde aktivitetar for 20...

Last ned document

11.03.2019
Styre og nemder for 2019

Her finner du oversikt over styre og men...

Last ned document

Nordfjordboka, kultur historisk vegvisar
Publisert av: B.Aa.Eide - 02. okt 2016

.

På Selja forlag er det nyleg gjeve ut ein kulturhistorisk vegvisar, Nordfjordboka. Boka er på 512 sider og kostar kr 498. Dersom ein kjøper to eller fleire bøker frå forlaget får ein tilsendt bøkene fraktfritt. Postadressa til Selja forlag er: Postboks 151, 6801 Førde. Tlf 578 32 220/901 86 882, E-post: selja@selja.no

Nordfjord er det fagre Vestlandet i miniatyr, med brear og høgfjell, storm ved Stad og lune fjordarmar. Her er eit levande nærings- og kulturliv og ei rik kulturhistorie med mange attraksjonar.
Nordfjordboka er eit kunnskapsverk og ein vegvisar om Nordfjord. Arbeidet er inspirert av Jacob Aaland, som heilt frå 1890-åra hadde planar for eit historisk verk for heile regionen. Den første delen, «Soge og samtid», har 28 artiklar om alt frå arkeologi og fiske til byggjeskikk, kunst og idrett. Den andre delen, «Nordfjord rundt», er ei kulturhistorisk reise gjennom sju kommunar: Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Gloppen, Stryn og Hornindal, med omtale av kulturminne, bygningar, verksemder og sentrale personar.
Nordfjordboka er illustrert med over 1300 gamle og nye foto, kart og kunstverk. Tekstane er skrivne av fagfolk. Dette er boka er for alle som ønskjer å lære Nordfjord betre å kjenne - både fastbuande og tilreisande.

?>