Siste dokument

07.04.2024
Styre 2024

...

Last ned document

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

Ny bok om Gamle Eid og Hornindal
Publisert av: B.Aa.Eide - 02. okt 2016

.

Rolf Melheim (68 år) har nett gjeve ut ei bok om Gamle Eid og Hornindal. Boka er på 288 sider og fortel om utviklinga i dei to Nordfjord-kommunane frå 1850 til i dag. Den handlar om folket og landbruket, høgtidene og tradisjonane mm. Rolf bur i Oslo, far hans vaks opp på Mjelheim i Heggjabygda i Eid og mor på Lillestøl i Hornindal. Rolf har gjennom heile livet vore mykje på desse stadane og ellers i Nordfjord. Som han sjølv skriv: "Nordfjord har egentlig betydd svært mye for meg, og jeg er der forsatt om sommeren og i tankene".

Boka er komen ut på Selja forlag, kostar kr 348, og kan kjøpast i mest alle bokforretningar. "Boka inneheld ei utruleg stor mengde faktaopplysningar. I alt han skriv, dreg han gjennom mange sitat også fram andre sine meiningar og vurderingar av slikt som finst på trykk frå tidlegare. På den måten stig historia åt desse bygdene nært, levande og innsiktsfult fram. Utan tvil har Rolf Melheim sterke og djupe røter til dei bygdene der slekta hans kjem fram". Dette skriv Paul O.Tomasgard, redaktør for historisk Årsskrift for Hornindal.

Boka kan også kjøpast direkte gjennom Rolf Melheim ved å sende ein mail til : rolf.odd@gmail.com . Boka vil då koste kr 398 som inkluderer portoen og oppkravsgebyret. Kanskje vert boka då også signert av forfattaren?