Siste dokument

03.05.2020
Aktiviteter for 2020

Sjå vedlagt fil for informasjon...

Last ned document

11.03.2019
Aktivitetar 2019

Her finn du planlagde aktivitetar for 20...

Last ned document

11.03.2019
Styre og nemder for 2019

Her finner du oversikt over styre og men...

Last ned document

17. mai 2015
Publisert av: B.Aa.Eidde - 06. mai 2015

.

Det er snart 17. mai og Nordfjordlaget vil stille med fana i Hovudprosesjonen i år som i fjor. I fjor fekk Nordfjordlaget  mykje skryt over god deltaking og særs høvisk framferd. Laget er i år 101 år gamalt og vi feirar det også.  

Vi har teke sjansen på god deltaging også i år og har meldt på 50 personer til Hovudprosesjonen.

Nordfjordlaget skal stå i kolonne nr 6 saman med kulturorganisasjonar, ungdomsorganisasjonar, bygdelag og sangarorganisasjonar 

Hovudprosesjonen skal være oppstilt på Koengen kl 10.15. Vi ønskjer at ein stiller i god tid før dette tidspunkt. Nordfjorlaget ønskjer alle nordfjordingar med vener, velkommne til å delta i prosesjonen. Det er mykje kjekkare å delta enn å stå ved sidelinja!

Det vert i år også heiderstribune på Torvalmenningen. Lagsfolk som ynskjer plassreservasjon, lyt melde seg snarast råd til Jon.Askaland@uib.no , mobil 99517826 eller til post@nordfjordlaget.no så skal vi ta det vidare.

På ettermiddagen vert det folkemusikk og folkedans på Torgalmenningen - millom tribunane - ved Spelemanslaget Fjellbekken og Bondeungdomslaget Ervingen.

Det ver nynorsk festgudstjeneste i Domkyrkja kl 9:00 v/ sokneprest Morvik. Bergens mannskor vert med og sameleis Ingvar Pilskog som klokkar. 

?>