Siste dokument

03.05.2020
Aktiviteter for 2020

Sjå vedlagt fil for informasjon...

Last ned document

11.03.2019
Aktivitetar 2019

Her finn du planlagde aktivitetar for 20...

Last ned document

11.03.2019
Styre og nemder for 2019

Her finner du oversikt over styre og men...

Last ned document

Nordfjordrådet vil avvikle Minnegave.
Publisert av: B.Aa.Eide - 08. des 2014

.

Nordfjordrådet eit Supperåd?

Eg vart gjort oppmerksam på ei lita notis i Fjordabladet  at tysdag 2. desember bestemte Nordfjordrådet, etter forslag frå Sven Flo, å starte prosessen med å avvikle legatet " Minnegaven til Nordfjord fra Nordfjordlaget i Amerika". Grunnforndet i legatet  var  i 1947 på  kr 57.650, som no er komen i overkant av kr 400.000, ikkje den store summen, men legatet kan vere ei oppmuntring for mange. Eg meinar det viser manglande dømekraft å handsame gåva frå Nordfjordlaget i Amerika på denne måten, det er nok av kandidatar i Nordfjord som kunne ha glede av ein oppmuntring og eg  har derfor skreve eit  brev til Nordfjordrådet ved Sven Flo.   Eg sende også brevet til lokalavisene i Nordfjord med von om at redaksjonen kunne få inn brevet i avisa på ein eller annan måte. Eg meiner det er viktigt for innbyggjarane i Nordfjord å få kjenskap til denne saka og den tvilsame handsaming Nordfjordrådet legg opp til.  Etter det eg veit er det nå tilbake kun to Nordfjordlag, det er Nordfjordlaget i Amerika, etablert i 1909 og Nordfjordlaget i Bergen etablert i 1914. Nordfjordlaget i Oslo er slege saman med dei andre laga i Sogn og Fjordane og er ikkje lenger eige lag.  Eg skreiv vidare at eg er formann i Nordfjordlaget i Bergen og oppteken av Nordfjordlaga, men eg skriv brevet som privatperson.

Fjordabladet var raskt ute og følgjande er å lese i avisa publisert 8. desember: 

 REAGERER KRAFTIG PÅ AVVIKLINGA AV "MINNEGAVEN"

− Det er med undring at eg ser at formann i Nordfjordrådet, Sven Flo, kjem med forslag om å avvikle «Minnegaven til Nordfjord fra Nordfjordlaget i Amerika». Skulle tru at Nordfjordrådet hadde betre saker å arbeide med enn å legge ned eit legat som har som formål å hjelpe verdig trengande i Nordfjord.

Dette skriv Bjørn Aage Eide i eit brev til Sven Flo, leiar i Nordfjordrådet, etter at han vart gjort kjent med at Nordfjordrådet samrøystes gjekk inn for å avvikle stiftinga. 

Med verdig trengande meinte Nordfjordlaget i Amerika :

«Ikke nærmest sådane, som i lengre tid har fått hjelp av bygdens fatigkasse, men dels på mindre bemidlede folk, som av beskjedenhet eller lignende grunner unnser seg å be om hjelp, da de nødig vil være til noen byrde, og dels sådanne, enker, barn, gamle og syke som vad forlis, skred eller andre ulykker plutslig utsettes for fattigdom eller nød.» « Dessuten kan fondets avkastning anvendes til å skaffe kroppsvanføre særutdannelse, likeledes til å skaffe særlig begavet ungdom spesialutdannelse i et eller annet fag».

 

− Det er nok av kandidatar i Nordfjord Nordfjordrådet kunne gje ei oppmuntring til. Å foreslå å legge ned eit legat med å vise til at det har vore lite omsøkt, må skuldast manglande dømekraft.  Det vert ikkje mindre imponerande når resten av ordførarane i Nordfjordrådet støttar forslaget. Det er ordførarane i Nordfjord som skal foreslå kandidatar, skriv Eide som meiner at å avvikle legatet er som å returnere pengane tilbake til Nordfjordlaget i Amerika med å vise til at i Nordfjord treng vi ikkje lenger pengane dykkar.

− Vi greier oss godt sjølve, her har vi ikkje lenger verdig trengande.

− Ved eventuell tilbakeføring av dei vel 400.000 kronene som «Minnegaven» består av i dag og kan gje støtte til trengande i Nordfjord, kan Nordfjordlaget i Amerika kontaktast via deira heimeadresse: www.nordfjordlag.com. Laget vart etablert i 1909 og eksisterer endå. Å avvikle eit legat som alle dei ni ordførarane den18. 6.1947 mottok og skreiv under på, er skammeleg, skriv Eide om vonar Nordfjordrådet kan gjere om avgjerda og føre vidare det som står i statuttane for legatet.

 

− Om ikkje, forventar eg at formann i Nordfjordrådet sender ei forklaring til Nordfjordlaget i Amerika om dei planar ordførarane i Nordfjord no har, ref § 6 i statuttane (underretning om fondets anvendelse).

 

− Artikkelen som stod i Fjordabladet torsdag 4. desember der det kjem fram kva Nordfjordrådet har bestemt, ønskjer eg å sende vidare til Nordfjordlaget i Amerika, til deira informasjon, men kunne først tenkje meg ei tilbakemelding om Nordfjordrådet verkeleg vil starte den krevjande prosessen med å  avvikle «Minnegåva til Nordfjord fra Nordfjordlaget i Amerika». Det er inga skam å snu, skriv Bjørn Aage Eide.

facebooktwittergoogle_plusredditpinterestlinkedinmail

?>