Siste dokument

07.04.2024
Styre 2024

...

Last ned document

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

Vellykka basar
Publisert av: BAa.Eide - 24. nov 2014

.

Søndag 23. november vart den tradisjonelle basaren avvikla i Gimle. Lokalet vart i minste laget då over 50 store og små møtte opp.

Med kaker i mange variantar tekne med av fleire, fekk ein kaffi og saft attåt før det spesielle åresalget starta. Det var mange av dei mindre som fekk kjennskap til åresalg denne kvelden, sikkert ikkje så mange som nyttar årar i byn lenger. Det vart 3 omgangar med salg og ein held på i over to timar før ein hadde trekt siste gjevinsten. Det kom inn ein bra sum som er med å dekke drifta og vedlikehald av lagshytta, men det kjekkaste var nok likevel det sosiale mellom store og små, med forventningar om heldig trekning.

Takkar alle som har bidrege til ein vellykka kveld både med gevinstar og oppdekning. Vi satsar allereie på ein ny basar neste år, men då i større lokale.