Siste dokument

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

18.09.2023
Styre 2023

...

Last ned document

Brudekruner i Nordfjord
Publisert av: B.Aa.Eide - 15. nov 2013

.

Bok om brudekruner i Nordfjord

Formannen i Nordfjordlaget fekk her om dagen tilsendt eit brev frå Bendik Os. Farfar til Bendik, Edvard Os, kom frå Nordfjordeid, ein ivrig Nordfjordlags-kjempe med utgangspunkt i Oslo. Edvard hadde skreve eit notat om brudekruna som tilhøyrde familien på Nordfjordeid. Dette notatt har no vorte til ei heil bok som kanskje kunne vere av interesse for Nordfjordlaget i bergen også..

Boka inneheld historien omkring 25 brudepynt og brudekruner frå Nordfjord. Skikkar og tradisjon rundt frieri og brullup er beskreve. Gullsmed Johan Daniel Widsteen (1784 - 1865) frå Stårheimsvik er opphavsmann til fleire av brudekrunene og "hans levnesløp danner et spennende bakteppe i fortellingen om Nordfjords gamle brudekroner".

Torsdag 28. november kl 18:00 vil det være ein bokpresentasjon i kulturhuset  "Gamle banken" på Nordfjordeid.Her vil forfattaren fortelje og vise bilder frå sitt kartleggingsarbeid. Boka kostar kr 350 + porto. Bestilling kan gjerast direkte til Bendik Os, bendik@osconsult.no, mobil 907 62 895. Adresse Myrveien 42, 1397 Nesøya.

Sjå også utsendt pressemelding