Siste dokument

07.04.2024
Styre 2024

...

Last ned document

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

Gjennomført årsmøte i Nordfjordlaget
Publisert av: B.Aa.Eide - 19. mar 2013

.

Mandag den 18. mars vart årsmøte for Nordfjordlaget gjennomført. Det var frammøtt fleire enn det nokon gong har vore på dei siste 10 åra, det lovar bra. Det nye styret og nemder kan ein finne på ein annan stad på heimesida. Naturleg nok vart lagshytta mykje diskutert, 100 årsjubileet for laget til neste år vart også drøfta.

Den 22.april 1914 vart Nordfjordlaget i Bergen stifta. Laget vart dermed det fyrste reine bygdelaget i Norge. 100 årsjubilanten har med seg framover ei særdeles fin lagshytte som ein vonar kan kome mange Nordfjordingar til glede framover, det er berre å melse seg inn i laget som siste år talde omlag 85 medlem.

Det har vore gjort mykje bra dugnad siste år også til glede for naboar, då det vart plant og stelt rundt hytta av eit profesjonelt firma. Ein del arbeid må gjerast dette året også for at jubilanten til neste år kan framstå lytefri. Ein viktig jobb vert også å få båtane i driftsmessig stand for dei som vil nytte dei gode fiskeplassane rett utanfor hytte døra.