Siste dokument

07.04.2024
Styre 2024

...

Last ned document

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

Sommaren 2012 på lagshytta
Publisert av: B.Aa.Eide - 11. sept 2012

.

Dugnad på båten

Sommare 2012 er forbi og mykje positvt har vore gjenstand på lagshytta. Mykje god dugnad har vore utført og bruken har vore upåklageleg. Eg skal her forsøke å oppsummere noko av hendingane. Bilde viser dugnad på båten den 16.06 med Alf og Thomas i føringa.

Hytta vart teken tidleg i bruk. Tidleg i februar var dei fyrste på plass for helgaovernatting.

Helga den 2. juni var underteikna der saman med barnebarn (sjå bilde under). Dei storkoste seg og vil meir enn gjerne tilbake for fleire overnattingar. Hytta er ein riktig fin plass for også dei minste.

Den 16.juni var det som nemt dugnad på hytta. Spesielt var det båten som fekk seg ein velfortjent opp-pussing. Dessverre er det fortsatt noko gale med det elektriske startarsystemet på båten og den har dermed ikkje vorte nytta så mykje som ønskjeleg.  

I august var det ny dugnad. Det vart renska for ugras og satt ut fleire plantar nedanfor hytta, så nå er det å håpe at ugraset ikkje kjem så fort tilbake.  Bilda under er tekne av Alf Kråkenes og syner korleis det ser ut der det tidlegare berre var ugras.

Naustet fekk også ein omgang med maling, no ser det etter kvart bra ut der også. Nye kjettingar for flytebrygga vart lagt ut etter at den vart flytta noko slik at naboen skulle få noko betre plass.

 

Utover hausten ser det ut til at fleire ser seg nytte av hytta og vi håpar mange har anledning til å ta den i bruk for fin og praktisk er den.

Om det er fleire som ønskjer å melde tilbake om opphold på hytta, tek eg gjerne i mot innlegg.