Siste dokument

07.04.2024
Styre 2024

...

Last ned document

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

2012: Eit nytt år med mange mogelegheiter
Publisert av: B.Aa.Eide - 16. jan 2012

.

Så er det eit nytt år. Eit nytt år med mange mogelegheiter for Nordfjordlaget i Bergen. 2011 var eit bra år med mange nye medlem som gjorde seg nytte av lagshytta. Vi har tru på at året 2012 vert betre.

Året 2012 starta med store øydeleggingar i Nordfjord. Vi her i Bergen kom noko lettare frå både ho Dagmar og andre vindar. Så langt har vi vore forskåna fra både kulde og snøkave, takk og pris for det.

I Nordfjord raste også stormen omkring lokalsjukehuset. Sjukehuasksjonen tapte som de sikkert veit, rettssaka ved Tingretten her i Bergen. Aksjonskomiteen vart dømd til å betale alle saksomkostningar, tilsaman over 800.000. For dei som ynskjer å støtte aksjonekomitenen for deira vidare arbeid med eit tilfredsstillande og dekkande helsetilbod for folket i Nordfjord er det mogleg å verve seg som medlem for kr 100 pr person pr år. Kontigenten kan betalast inn på konto 3790.15.56718. Om tapet vart forsmedleg og kanskje urettferdig i Tingretten ønskjer Sjukehusaksjonen å jobbe vidare med å få til eit høveleg helsetilbod i Nordfjord, kanskje med andre aktørar enn det statlige tilbodet.

For oss i Nordfjordlaget i Bergen står det også mange utfordringar fram føre oss. Det viktigaste er å få auka medlamstalet slik at laget vert sterkare framover og ikkje minst at så mange som mogeleg ser nytte i lagshytta og det vi har der med fin natur og båtar til glede for store som små, ung som gamal.

Allereie no kan ivrige sjeler setje seg opp på ønskjelista for leige av hytta, styret vil snart kome med ei oversikt over når laget sjølv ønskjer å nytte hytta, men det er først til mølla prinsippet som gjeld. Få gjerne med fleire unge Nordfjordingar. Vi savnar dei frå ytre og indre Nordfjord.