Siste dokument

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

18.09.2023
Styre 2023

...

Last ned document

Basar 2011
Publisert av: B.Aa.Eide - 06. okt 2011

.

Det vert tradisjonen tro laga til basar for Nordfjordlaget i Gimle sundag den 16. oktober kl 17. 

Ein av dei mest tradisjonelle aktivitetane til Nordfjordlaget er basaren. Laget treng litt inntekter for å kunne holde lagshytta i noko lunde bra stand. Ei av dei få gode inntektskildene har vore den årlige basaren der Nordfjordingar med vener og familie har møtt fram for å kjøpe årar og slå av ein prat.

Kor mange runder med åresalg det vert, avheng av kor mange gevinstar ein greier å få inn, det er derfor kjekt om nokon har moglegheit for å gi gevinstar, ta dei gjerne med når de kjem.

Det vert servert kaker og kaffi med brus eller saft til dei minste, dette kostar kr 20 som er inngangspengane. Ta turen til Gimle og nytt høve til å slå av ein prat med kjente og ukjente. Litt informasjon om laget og hytta vert det nok også.