Siste dokument

03.05.2020
Aktiviteter for 2020

Sjå vedlagt fil for informasjon...

Last ned document

11.03.2019
Aktivitetar 2019

Her finn du planlagde aktivitetar for 20...

Last ned document

11.03.2019
Styre og nemder for 2019

Her finner du oversikt over styre og men...

Last ned document

Fin pinsehelg på lagshytta
Publisert av: B.AaEide - 13. juni 2011

.

Fra Øystein Eide som leigde hytta nokre dager i pinsehelga har vi fått ein kjekk tilbakemelding. Øystein har forøverig teke fleire bilder innvendig i hytta som eg legg inn under mappa lagshytta. Her kjem tilbakemeldinga fra Øystein:

Eg, Ruth Else og Karoline reiste ut fredag rett etter jobb i lag med familien Tufte/Strand. Vi storhandla på Sartor Senter, og var vel framme og installert på hytta rett før 20:00. Etter at i alt 4 ungar var fôra med taco og  lagt, laga vi voksne oss kaffi og opna ei flaske cognac. Tore Ande Strand hadde levert inn oppgåva si etter fullført studie på Sandane (5-årig spesialpedagogikk), og det måtte sjølvsagt markerast.

 Laurdag var vi tidlig oppe. Allereie frå tidlig morgon var sola oppe, og temperaturen låg tett opp til 20 talet før klokka var blitt ni. Det gode været heldt fram heile dagen, og gav både voksne og ungar ein minnerik dag. Vi fekk også besøk av Bjørn, Sigbjørn og Even, i tillegg til Aleksander Strand med familie. Aleksander er busett i Oslo, oppvaksen i Bergen, men har som kjent også røter i nordfjord, Han var svært imponert over plassen Nordfjordlaget disponerar.
Laurdagen vart avslutta med grilling. Dessverre var eingongsgrillane vi hadde kjøpt av særdeles elendig kvalitet, så svoltne ungar måtte ete mat tilberedt inne. Dette var, i tillegg til ein kraftig forstua ankel på mr. Tore Andre Strand, det einaste minuset på ei alle tiders helg.

Søndagen vart også fin. Vi tok det rolig, og var såvidt ute på sjøen med færingen. Vi vaska etter beste evne, og reiste til Vestkanten for litt pizzamiddag før vi reiste kvar til oss. Alle var einige om at dette måtte gjenntakast.
Helsing Øystein Eide

?>