Siste dokument

16.03.2022
Aktiviteter i NL 2022

Her er oppført dei viktigaste akt...

Last ned document

16.03.2022
Styre og nemder i NL for 2022

Her er styret og nemder for dette å...

Last ned document

Dugnad på hytta i Hummelsund
Publisert av: B.Aa.Eide - 02. mai 2011

.

Dugnad mai 2011

På laurdag den 7. mai var det dugnad på hytta. Båtane vart gjort klare for sommaren, ein oselvar og ein plastbår med 25 hk motor. Det vart malt både på hus og rekkverk i tillegg til generelt vedlikehald inne og ute

Då står hytta og båtane klare for ein ny sesong. Det vart utført dugnad på både hytta og båtane som no forhåpentlegvis vert mykje brukt av medlemer med familie utover sommaren. Det var samla mykje folk i det fine veiret og vi fekk gjort det som var planlagt. Tilsaman med store og små var vi omlag 20 personar. Området er svært barnevennleg og vi håpar mange yngre "nordfjordingar" ser muligheiter i det laget har i Hummelsund. Under "Lagshytta" finn ein meir om både bruk og leige. Her er nokre bilder av den yngste dugnadsarbeideren: