Siste dokument

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

18.09.2023
Styre 2023

...

Last ned document

Basaren 14. november 2010
Publisert av: B.Aa,Eide - 16. nov 2010

.

Basar i Gimle

Sist sundag hadde Nordfjordlaget basar i Gimle. Det var frammøtt omlag 40 personar. Desse 40 personane kjøpte årar for til saman 6600 kroner.

Det var god stemning i Gimle da Nordfjordlaget i Bergen arrangerte den årvisse basaren. Det var kaffi og kaker med saft til dei minste. Premiebordet var spennande med mange flotte gevinstar. Det var 3 omgangar med åresalg som tilslutt gav ca 6000 kroner til lagskassa, eit kjærkome tilskåt til drift av laget og ikkje minst drift av lagshytta.

Formann Torgeir Evjen orientert om laget og spesielt om lagshytta som han håpar endå fleire kan sjå seg nytte i å bruke. No er båtane tekne inn i naustet for vinteren, men hytta kan gjerne nyttast framleis utover vinteren.