Siste dokument

07.04.2024
Styre 2024

...

Last ned document

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

Jul i Nordfjord og Årbok for Nordfjord
Publisert av: B.Aa.Eide - 12. nov 2010

.

Sentrale personar for lokalhistorie

Julehefte Jul i Nordfjord og Årbok frå Nordfjord er nå begge lagt ut for salg. Dette framgår av ein artikkel Firda Tidende hadde i si onsdagsutgåve no den 10. november. Til Årbok frå Nordfjord seier Firda Tiden at du godt kan ta boka med deg på "vetlehuset". Du kan bli sitjande der lenge. For i boka finn du ikkje berre Jon Tvinnereim si intressante historie om den viktige utedoen, men også godt stoff frå Nordfjord ellers også.Fidra tidend tykkjer også at det er god kvalitet på Jul i Nordfjord, eit fargerikt og fint julehefte om ymse sider ved liv og levnad i Nordfjord, om sjukehussaka, Hyevegen og mykje meir 

Jul i Nordfjord, julehefte som har kome ut i Nordfjord dei fleste år sidan 1936.

Jul i Nordfjord vart første gongen utgitt av Erik Fønstelien Bokhandel i Måløy i 1936, men det vart med den eine årgangen. I 1940–46 stod bladet Kolbein Sterke, ved redaktør K. Sølvberg i Stryn, som utgivar, deretter låg heftet nede ei tid. I 1956 tok Firda Ungdomslag til å gi ut heftet, men sidan 2004 har Nordfjord Folkemuseum og Nordfjord Sogelag vore utgivarar. Innhaldet har for det meste vore kulturhistorisk og litterært stoff frå bygdene i Nordfjord i ymse sjangrar, til dømes dikt, noveller, småforteljingar og historiske skildringar, alt ført i pennen av lokale skribentar som Abraham Bergset, Anders Olai Rindal, Leif Arnold Loen, Hans Eirik Endal, Reidar Djupedal, Jon Tolaas, Petter Eide, Ove Eide og mange fleire.
Årbok frå Nordfjord vert gjeve ut av Sogelaget på Sandane. Årboka har lenge hatt sitt eige skriftstyre med Arvid Rygg i spissen, slik skal det fraleis vere i følge Firda Tidend. Men det nye er at det no vil bli ei lita skriftgruppe i kvar kommune, som skal bringe fram interessant stoff til årboka. På den måten kjem heile Nordfjord enda sterkare med og det kan vere med å gje den tradisjonsrike boka eit nytt løft.
For Nordfjordlaget i Bergen må det vere viktig å tenkje fram over til hefte og årbok for 2014, då kan Nordfjordlaget i Bergen feire 100 år og det kunne vore interessant å få med laget si histore inn i dei nevnte blad.