à resalg
Det vert tradisjonen tro laga til basar for Nordfjordlaget i Gimle sundag den 14. november kl 17.
Ein av dei mest tradisjonelle aktivitetane til Nordfjordlaget er basar i november. Laget treng litt inntekter for å kunne holde lagshytta i noko lunde bra stand. Ei god inntektskilde har vore den årlige basaren der Nordfjordingar med vener og familie har møtt fram for å kjøpe årar og slå av ein prat.
Kor mange runder med åresalg det vert avheng av kor mange gevinstar ein greier å få inn, det er derfor kjekt om nokon har moglegheit for å gi gevinstar, ta dei gjerne med når de kjem.
Det vert servert kaker og kaffi med brus eller saft til dei minste. Ta turen til Gimle og nytt høve til å slå av ein prat med kjente og ukjente. Litt informasjon om laget og hytta vert det nok også.