Siste dokument

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

18.09.2023
Styre 2023

...

Last ned document

Fin helg på Hytta
Publisert av: B.Aa.Eide - 06. juni 2010

.

Naustet med hytta i bakgrunnen

Helga 5 og 6. juni leigde Øystein Eide hytta. Sammen med familien vart det ei svært fin helg som gav meirsmak til bruk av hytta.

Øystein Eide er ein av dei nye og yngre medlem i laget som denne helga ville prøve eit opphold på lagshytta. Det gav etter ei fin helg meirsmak og Øystein vil forsøke å få andre yngre nordfjordinga til å sjå nytte i laget og lagshytta.

Saman med familie fra Nordfjord og Bergen vart strandkanten undersøkt, fin plass for ungar også

 

 Båten vart også prøvd. Den starta villeg og var enkel å bruke. Det vart plassert ei 20 l. kanne ferdigblanda bensin i naustet av underteikna, dette i tilfelle nokon skulle gløyme å ta med eigen bensin. 2-takts olje for innblanding i bensin står der og om nokon skulle gløyme å blande i på bensinstasjonen. Det vart også hengt igjen 3 redningsvestar, ein for voksen og 2 for småbarn, som kan nyttast om nokon skulle gløyme å ta med.

 

Komande helg er hyttan også bestilt. Helga deretter vert det jonsokfeiring, NB med påmelding, dette for å kunne berekne nokolunde av mat.